A Question of Balance er det sjette albumet til The Moody Blues og kom ut i 1970. Albumet var eit forsøk på enklare instrumentering etter den fyldige, psykedeliske stilen bandet var kjend for på tidlegare album. Dette gjorde dei fordi det hadde vorte vanskeleg å spele songane deira på live på konsert. For å kunne spele fleire nye songar på konsertane sine, valde bandet å lage eit album utan så mykje orkester for A Question of Balance.

For første gongen nytta The Moody Blues eit politisk tema som grunnlag for ein song med songen «Question», som omhandla den pågåande Vietnamkrigen.

Albumet kom ut i 1970 og gjekk heilt til topps i Storbritannia og nådde tredjeplassen i USA. Bandet gjekk attende til det meir frodige lydbiletet på dei neste to albuma sine, Every Good Boy Deserves Favour og Seventh Sojourn.

I mars 2006 kom albumet på SACD med seks ekstra spor. I 2008 kom albumet ut att på normalt lydformat med dei same bonusspor. Innhald

Salslister

Album ÅrListePlassering1970UK Albums Chart1Billboard 2003Den danske albumlista71975Den danske albumlista17

Singlar ÅrSingelListePlassering1970«Question»UK Singles Chart2Billboard Hot 10021

Medverkande Justin Hayward: vokal, gitar, mandolin John Lodge: vokal, bass Ray Thomas: vokal, fløyte, tamburin Graeme Edge: trommer, perkusjon, kviskrande vokal på «Don't You Feel Small» Mike Pinder: vokal, Mellotron, Moog synthesizer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «A Question of Balance» frå , den 7. mai 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Moody Blues-album Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Deram Records-album Kategori:Threshold Records-album Kategori:Album produserte av Tony Clarke