Every Good Boy Deserves Favour er det sjuande albumet til The Moody Blues, utgjeve i 1971. Albumet var det siste dei spelte inn med Mellotron, og vart sidan erstatta av ein Chamberlin på det neste albumet deira, Seventh Sojourn i 1972.
Bakgrunn Dette albumet inneheld den einaste songen som vart skriven av alle fem medlemmane i bandet. Opningsstykket «Procession» var eit stykke meint å skildre musikkhistorien frå starten av historia vår fram til tida då albumet vart innspelt. Dei einaste tre orda ein kan høyre på dette sporet – «desolation», «creation» og «communication» – vart brukt på liknande vis på «One More Time to Live.» Songen «Emily's Song» vart skriven av John Lodge for den nyfødde dottera hans. Mike Pinder skreiv og songen den avsluttande songen på albumet, «My Song».
Albumet nådde toppen av albumlista i Storbritannia og låg tre veker på andreplassen i USA. Singelen «The Story in Your Eyes», nådde Topp 40-lista i USA.
Tittelen er henta frå ein hugsregel for notenelinjene i G-nøkkelen: E-G-B-D-F. Desse notane vert spelt på piano under «Procession».
I april 2007 vart albumet gjeve ut på SACD med to bonusspor. I 2008 kom albumet ut i vanleg CD-format med dei same bonusspora.
Innhald
Medverkande Justin Hayward – vokal, gitar, sitar John Lodge – vokal, bass, cello Ray Thomas – vokal, fløyte, tamburin, obo, treblåseinstrument, munnspel Graeme Edge – elektriske og akustiske trommer, perkusjon, vokal på «Procession» Mike Pinder – vokal, Mellotron, cembalo, Hammondorgel, piano, klaverinstrument, Moog synthesizer
Teknisk Tony Clarke - produsent Derek Varnals – lydteknikar David Baker – assisterande lydteknikar Harry Fisher – miksing Phil Travers – plateomslag J. Randall Nelson - fotografi
Salslister Vekeslister ÅrListePlassering1971UK Albums Chart1Billboard 2002Den danske albumlistahttp://danskehitlister.dk/?song_id=64031
Singlar ÅrSingelListePlassering1971«The Story in Your Eyes»Billboard Hot 10023
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Every Good Boy Deserves Favour (album)» frå , den 7. mai 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1971 Kategori:The Moody Blues-album Kategori:Deram Records-album Kategori:Threshold Records-album Kategori:Album produserte av Tony Clarke