Magellandukkpetrell (Pelecanoides magellani), ein liten alkeliknande sjøfugl, medlem av stormfuglfamilien i den biologiske ordenen stormfuglar. Det ein av fire svært like dukkpetrellar som alle lever på den sørlege halvkula. Denne arten finst rundt kysten av det sørlegaste Sør-Amerika, innanfor både Chile og Argentina.

Magellandukkpetrell er den mest distinktive arten i familien, og den enklaste å identifisere på sjøen. Som andre dukkpetrellar, er det ein kompakt fugl, hovudsakleg svart over og kvit under, og liknar i form og storleik til ein alkekonge. Kroppslengda er ca. 20 cm med vengespenn på 32 cm, og han veg i gjennomsnitt 134 gram.BirdLife International (2012) Species factsheet, additional: Pelecanoides magellani. Henta frå http://www.birdlife.org den 12. mai 2012 Han er den einaste arten med kvite frynser på vengdekkarane og armsvingfjørene, og har eit skarpt definert andletmønster. Med ein god observasjon på havet kan han derfor skiljast frå slektningane sine. Kjønna er like, men ungane manglar dei kvite kantane på fjørene.

Desse fuglane hekkar i koloniar på øyar. Hoa legg eit kvitt egg i ei hòle i torv eller mjuk jord. Dei er nattaktive i hekkekoloniane. Populasjonen er estimert til 10 000 - 500 000 vaksne individ.BirdLife International (2012) Species factsheet: Pelecanoides magellani. Henta frå http://www.birdlife.org den 12. mai 2012

Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Magellanic Diving Petrel» frå , den 12. mai 2012

Referansar

Bakgrunnsstoff Videoar, bilete og lydopptak av magellandukkpetrellar hos Internet Bird Collection

Kategori:Stormfuglfamilien