Accra er hovudstaden i Ghana. Byen hadde innbyggjarar i 2012, og er den største byen i landet.

Byen voks fram rundt britiske og nederlandske fort på 1600-talet. I 1877 erstatta han Cape Coast som hovudstad for den britiske kolonien Gullkysten. Etter at det hadde vorte bygd jarnbane inn i landet frå Accra, vart byen det økonomiske sentret i kolonien, og han er framleis finanssentrum i Ghana.

Ein finn òg spor etter dansk-norske slavehandlarar i byen, sidan fortet Christiansborg slott er bevart. I byen ligg òg National Museum of Ghana og Central Library of Ghana. University of Ghana ligg i Legon, kring 13 km nord for Accra.

Forsvarskommisjonen til Organization of African Unity har hovudkvarteret sitt i Accra.

Den viktigaste flyplassen er Kotoka International Airport.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Ghana Kategori:Hovudstader i Afrika