mini|Wilhelm Tell-overtyren av Rossini, framført av United States Marine Corps Band i 2000. mini|Wilhelm Tell-overtyren i tradisjonell utgåve i eit opptak av Sodero's Band frå 1914. mini|Enrico Caruso framfører La Danza av Rossini frå 1835. Gioacchino Rossini () var ein italiensk komponist under romantikken. Han er best kjend for operaene Barberen i Sevilla, Moses i Egypt og Wilhelm Tell. I tillegg til opera skreiv Rossini sakralmusikk, kammermusikk, songar og pianostykke.
Liv Gioacchino Rossini var fødd i Pesaro i Kyrkjestaten. Begge foreldra hans var musikarar, og dei sende han til songundervising hjå Angelo Tessi i Bologna. I 1807 byrja han studera komposisjon under Stanislao Mattei. Han avbraut studia då læraren sa at han ikkje kunne nok til å komponera opera.
Karriere i Italia Rossini studerte kvartettar og symfoniar av Mozart og Haydn, og debuterte i 1810 med operaen La cambiale di matrimonio i Venezia. Dei følgjande åra skreiv han fleire operaer, mellom anna La pietra del paragone for operan i Milano, der han først nytta crescendoet han seinare blei kjend for. Seinare følgde Demetrio e Polibio for Roma og L'inganno felice, Signor Bruschini og Tancredi for operaen i Venezia. Med Tancredi, som blei skriven i 1813, blei Rossini anerkjend som den største dålevande operakomponisten.
Ryet hans blei stadfesta gjennom L'italiana in Algeri (Venezia, 1813), Il turco in Italia (Milano, 1814) og Elisabetta (Napoli, 1815). I Elisabetta endra han gammal tradisjon ved å skriva utbroderingar i ariane i staden for å la songarane sjølv bestemma det, noko som vekte stor motstand i byrjinga. Deretter erstatta han secco-resitativet (resitativ akkompagnert av eitt instrument og ein basstemme) med resitativ akkompagnert av ein strykekvartett.
I 1816 nådde Rossini høgdepunktet innan operakomikk med Almaviva (Il Barbiere di Siviglia) i Roma. Den første framsyninga av operaen blei forstyrra av tilhengjarar av Giovanni Paisiello sin opera med same namn, men allereie frå andre framsyninga byrja suksessen å veksa. Operaen inneheld alle dei beste eigenskapene til italiensk opera buffa og som framleis blir framført på operaer fleire stader i verda.
Frå 1815 til 1821 var Rossini under leiinga til impresarioen Domenico Barbaja komponist for den kongelege operaen San Carlo i Napoli. Samstundes komponerte han verk for andre operahus, mellom anna La Scala i Milano (Den tyvaktige skjære, La Gazza Ladra, 1817), og skreiv kantater og andre verk. Hans sista opera for Italia blei Semiramide (La Fenice, Venezia 1823). Dei napolitanske operaene blei alle skrivne for den vidkjende sopranen Isabella Colbran, som han gifta seg med i 1822.
Colbran påverka musikken til Rossini både med stemma og sceneoppførsla si. Verka har mykje koloratur, samtidig som kjensler og innlevingar er viktige for at musikken skal koma til sin rett. Alla kritikarane var ikkje så glade i harmoniane, koloraturen og ei orkestrering dei rekna «germansk», og føretrekte meisterverket Tancredi frå 1813. Ermione fekk til dømes eit kort liv etter premieren i 1818, men er i dag rekna som eit ukonvensjonelt meisterverk.
Liv i Frankrike mini|Fransk karikatur av Rossini frå 1867. Etter Semiramide flytta Rossini til Paris i 1824, etter ei kort vitjing til London der han byrja på Ugo, Re D'Italia, ein opera som aldri kom lengre enn til skissestadiet.
Rossini blei direktør for Théâtre italien i Paris der den sceniske kantaten I viaggio a Reims blei sett opp til ære for kong Karl X i 1825. Etter å ha blitt Inspecteur général du chant en France med ei inntekt på 20 000 franc per år, kunne han via seg heilt til komposisjon. Han omarbeidde då to tidlegare verk frå si tid i Napoli for Parisoperaen. Maometto II blei Le siège de Corinthe i 1826 og Mosé in Egitto blei Moïse et Pharaon (eller berre Moïse) i 1827. Le comte Ory, som hadde premiere på Parisoperan i 1828, er ei omarbeiding til komisk opera av kantaten Il Viaggio a Reims. Etter mange omarbeidingar av librettoen hadde Guillaume Tell (Wilhelm Tell) premiere i 1829, og er rekna som Rossini sitt meisterverk i den franske Grand-Opera-tradisjonen.
Ved Julirevolusjonen i 1830 mista Rossini si stilling som generalinspektør, og klarte berre så vidt redda ein pensjon på 6 000 franc. Mellom 1836 og 1853 budde han i Italia, men måtte ofte flytta på grunn av den politisk ustabile stoda i landet. Han treivst betre etter å ha flytta tilbake til Paris, der han levde som ein hylla mann fram til sin død i 1868.
Kona Isabella døydde i 1845. 16. august 1846 gifta Rossini seg med Olympe Pélissier, som hadde vore modell for måleriet Judith og Holofernes av Vernet.
mini|venstre|Caruso framfører Crucifixus frå Petite messe solennelle.
I sistedelen av livet sitt skreiv Rossini to større sakralverk: det berømte Stabat mater (1832; i utvida form 1841) som var meir operamessig enn kyrkjeleg, og Petite messe solennelle (1863). Han skreiv også mange pianostykke, songar og kammermusikk, mellom anna 150 stykke samla i fjortenbandsverket Péchés de vieillesse ('Alderdomssynder'), i tillegg til eit par kantater og mindre korverk.
mini|Grava til Rossini ved Père Lachaise. Død og ettermæle
Rossini døydde på landstaden sin i Passy fredag 13. november 1868 av lungebetennelse. Han blei gravlagd på gravstaden Père Lachaise i Paris. I 1887 blei leivningane hans overført til Basilica di Santa Croce di Firenze på oppmoding frå dei italienske styresmaktene.
I 1864 blei ein statue av Rossini reist i Pesaro. I 1888 blei det opna ein musikkskule, Liceo musicale Rossini, på same stad med midlar gjevne av Rossini sjølv. Han oppretta også Prix Rossini for unge librettistar. Størstedelen av formuen sin testamenterte han til ein aldersheim for musikarar i Paris.
Verk Lista er ikkje fullstendig.
Operaer
La cambiale di matrimonio - 1810 L'equivoco stravagante - 1811 Demetrio e Polibio - 1812 L'inganno felice - 1812 Ciro in Babilonia (eller La caduta di Baldassare) - 1812 La scala di seta - 1812 La pietra del paragone - 1812 L'occasione fa il ladro (eller Il cambio della valigia) - 1812 Il Signor Bruschino (eller Il figlio per azzardo) - 1813 Tancredi - 1813 L'Italiana in Algeri - 1813 Aureliano in Palmira - 1813 Il Turco in Italia - 1814 Sigismondo - 1814 Elisabetta regina d'Inghilterra - 1815 Torvaldo e Dorliska - 1815 Almaviva (eller L'inutile precauzione eller Il Barbiere di Siviglia, norsk Barberen i Sevilla) - 1816 La gazzetta (eller Il matrimonio per concorso) - 1816 Otello ossia Il moro di Venezia - 1816 La Cenerentola (Cinderella, eller La bontà in trionfo) - 1817 La gazza ladra (Den tjuvaktige skjæra) - 1817 Armida - 1817 Adelaide di Borgogna eller Ottone, re d'Italia - 1817 Mosè in Egitto - 1818 Adina eller Il califfo di Bagdad - 1818 Ricciardo e Zoraide - 1818 Ermione - 1819 Eduardo e Cristina - 1819 La donna del lago - 1819 Bianca e Falliero (eller Il consiglio dei tre) - 1819 Maometto II - 1820 Matilde Shabran (Matilde di Shabran eller Bellezza e Cuor di Ferro) - 1821 Zelmira - 1822 Semiramide - 1823 Il viaggio a Reims (eller L'albergo del giglio d'oro) - 1825 Le Siège de Corinthe - 1826 Moïse et Pharaon (eller Le passage de la Mer Rouge) - 1827 (ein revisjon av Mosè in Egitto) Le Comte Ory - 1828 Guillaume Tell (Wilhelm Tell) - 1829
Øvrige verk Il pianto d'armonia per la morte d’Orfeo Stabat mater Petite messe solennelle
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Gioacchino Rossini» frå , den 12. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
Deutsche Rossini Gesellschaft Rossini Opera Festival
Kategori:Italienske komponistar Kategori:Operakomponistar Kategori:Romantiske komponistar