B'Boom: Live in Argentina er eit dobbelt konsertalbum av bandet King Crimson, som kom ut i 1995. Alle songane vart spelte inn mellom 6. og 16. oktober 1994 på Broadway i Buenos Aires i Argentina, utanom «Heartbeat» som vart spelt inn i Córdoba.
Dei argentinske konsertane til King Crimson seint i 1994 var dei første konsertane deira på over ti år. Før B'Boom kom ut, vart opptak frå turneen seld på piratmarknaden av eit italiensk piratkopiselskap. B'Boom vart gjeven ut for å hindre salet av dei italienske platene.
Innhald
Medverkande Robert Fripp - gitar Adrian Belew - gitar, vokal Tony Levin - bassgitar, kontrabass, vokal Trey Gunn - Chapman stick, vokal Bill Bruford - trommer, perkusjon Pat Mastelotto - trommer, perkusjon
Kjelder Denne artikkelen bygger på «B'Boom: Live in Argentina» frå , den 16. juli 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Doble konsertalbum Kategori:Konsertalbum frå 1995 Kategori:King Crimson-album