Linn Jørum Sulland () er ein norsk handballspelar som har spela for Larvik Håndballklubb sidan 2009. Ho har vunne to EM-gull, eitt VM-gull og eitt OL-gull for Noreg, meisterligaen 2011 med Larvik HK, og tre serie- og tre cupmeisterskap med same klubben. Venstrehendte Sulland er høgre rykkrom-spelar. Perioden 2004-2018 deltok Sulland i 193 landskampar og skåra 579 mål for Noreg.
Handballspelaren Guri Jørum, er mor hennar, og fotballtrenaren Einar Jørum var morfaren hennar.
Aktiv Sulland spela for Korsvoll til ho i 2001 melde overgang til toppserieklubben Stabæk. Ho var i 2005 toppskårar i den norske toppserien med 159 skåringar og vart kåra til årets spelar i Noreg. Sommaren 2009 gjekk ho over til Larvik HK, der ho vann tre seriegull i åra 2010-12, den europeiske meisterligaen 2011, og tre norske cupgull.
Sulland debuterte på det norske handballandslaget 26. mars 2004. Meisterskapsdebuten fekk ho i VM 2005, som enda med norsk niandeplass. Ho kom ikkje med til EM 2006, men året etter fekk ho plass i VM-troppen. Noreg vann sølv i Paris, men Sulland fekk ikkje spele finalekampen som enda med 24-29-tap for Russland. Ho var heimeverande reserve då Noreg vart olympiske meistrar under OL i Beijing. Same året, 2008, vart ho europameister med Noreg etter siger 31-24 over Spania.
mini|venstre|Linn Sulland i Våg-drakt i 2018 Sulland fekk ikkje plass i VM-troppen 2009, og til handball-EM 2010 var ho heimeverande reserve i dei innleiande rundane. Etter rokeringar kom ho inn i troppen til semifinalen mot Danmark, og imponerte då dei danske kvinnene vart slått 29-19. Også i finalen spela ho godt, og var med å sikre norsk EM-gull med 25-20 over Sverige. I 2011 vart Sulland verdsmeister med Noreg, ho skåra fem av finalemåla då Frankrike vart slått 33-24 i Sao Paulo.
Under OL 2012 var Sulland den viktigaste angrepsspelaren for Noreg. I finalen imponerte ho stort og skåra ti av dei 26 måla då Noreg vann 26-23 over Montenegro.
Merittar landslag VM 2005: Nr 9 med Noreg VM 2007: Sølvmedalje etter 24–29 mot Russland EM 2008: Gullmedalje etter 34–21 mot Spania EM 2010: Gullmedalje etter 25–20 mot Sverige VM 2011: Gullmedalje etter 32–24 mot Frankrike OL 2012: Gullmedalje etter 26–23 over Montenegro EM 2012: Sølvmedalje etter 31–34 mot Montenegro VM 2013: Nr 5 med Noreg VM 2015: Gullmedalje etter 31–23 mot Nederland EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige
Kjelder Landskampar Denne artikkelen bygger på «Linn Jørum Sulland» frå , den 28. juli 2012.
Bakgrunnsstoff www.tv2sporten.no Linn Jørum Sulland blir Larvik spiller
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Spelarar i Handball-VM 2005 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2007 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2008 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2010 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2011 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2012 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2013 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-VM 2015 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2018 for kvinner Kategori:Folk frå Oslo