«On the Silent Wings of Freedom» er ein song frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 1978 påalbumet Tormato. Songen er skriven av Jon Anderson og Chris Squire. Dette er den songen på albumet som er mest typisk for det etablerte lydbiletet til Yes på 1970-talet, og det er òg den lengste songen på albumet med sine 7 minutt og 47 sekund.
Struktur Songen opnar med eit staccato tema spelt på gitar, med ein «avventande» rytmeseksjon. Jon Anderson si stemme går høgt, og teksten er òg «høgtsvevande». Etter to vers blir tempoet sett opp, og gitaren og pianoet spelar saman i noko som kan høyrast ut som ein improvisert jam. Songen har eit blanda preg av psykedelisk rock, rock 'n' roll og jazz, noko som ikkje er heilt uvanleg for songar innan progressiv rock.
Sjølv om albumet Tormato ikkje fall heilt i smak hos Yes-fans, har denne songen vorte ein publikumsfavoritt.
Konsertversjonar «On the Silent Wings of Freedom» vart spelt på alle konsertar under Tormato-turneen. Han vart så spelt på berre ein av konsertane under Big Generator-turneen, nemleg i Springfield 19. november 1987. Mellom 2002 og 2004 vart songen spelt under fleire av konsertane til bandet, men har ikkje vorte spelt sidan juli 2004.Forgotten Yesterdays
Det finst foreløpig ingen offisielle utgjevingar med konsertopptak av songen.
Medverkande På originalinnspelinga frå 1978 medverkar: Jon Anderson: vokal Chris Squire: bass og vokal Steve Howe: gitarer Rick Wakeman: piano, Hammondorgel og synthesizere Alan White: trommer, perkusjon og vokal
Kjelder Denne artikkelen bygger på «On the Silent Wings of Freedom» frå , den 28. juli 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Yes-songar Kategori:Songar frå 1978 Kategori:Songar skrivne av Chris Squire Kategori:Songar skrivne av Jon Anderson