Else Marthe Sørlie Lybekk () er ein norsk tidlegare handballspelar frå Snertingdal i Oppland. Ho debuterte på det norske landslaget i ein kamp mot Tyskland 2. november 1997, og spela sin 215. og siste landskamp i finalen under sommar-OL 2008. Noreg vann OL-gullet etter 34-27 over Russland, Lybekk skåra sju av dei norske måla i kampen, og enda då langdslagskarriera med å ha skåra 598 mål for Noreg. Mellom 1998 og 2008 vann ho to EM-gull, eitt VM- og eitt OL-gull for Noreg, samt to VM-sølv, eitt EM-sølv og ei OL-bronse. Ho var ei tid landslagskaptein.
Sørlie Lybekk spela for klubbane Snertingdal, Toten, Nordstrand IF (1997?-2003, 2008-10) og HC Leipzig (2003-10). Sommaren 2010 la ho opp som aktiv handballspelar. Ho bur i Oslo.
Merittar landslag EM 1998: Gullmedalje etter 24–16 mot Danmark VM 1999: Gullmedalje etter 25–24 mot Frankrike OL 2000: Bronsemedalje etter 22–21 mot Sør-Korea EM 2000: Nr 6 med Noreg VM 2001: Sølvmedalje etter 25–30 mot Russland EM 2002: Sølvmedalje etter 22–25 mot Danmark VM 2003: Nr 6 med Noreg EM 2006: Gullmedalje etter 27–24 mot Russland VM 2007: Sølvmedalje etter 24–29 mot Russland OL 2008: Gullmedalje etter 34–27 mot Russland
Merittar klubblag 2002: Cupmeister med Nordstrand IF 2006: Serie- og cupmeister med HC Leipzig 2007: Cupmeister med HC Leipzig 2008: Cupmeister med HC Leipzig
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Else-Marthe Sørlie Lybekk» frå , den 30. juli 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Verdsmeistrar i handball Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2008 Kategori:Folk frå Gjøvik