The Ladder er det sekstande studioalbumet frå progressiv rock-bandet Yes, utgjeve september 1999. Dette albumet blir rekna som den definitive returen til stilen deira frå 1970-talet, sjølv om det er særs moderne i lydmiksinga. Dette er det første albumet der Igor Khorosjev medverkar som fulltidsmedlem.

Albumet kom på 99. plass på Billboard 200 i USA og på 36. plass på UK Albums Chart i Storbritannia.UK Albums Chart: Yes – The Ladder

Bakgrunn Gitarist og klaverspelar Billy Sherwood var hovudsakleg han som produserte det førre albumet, Open Your Eyes. Bandet søkte no etter ein ekstern produsent og fann canadiske Bruce Fairbairn for å få objektive øyre og tankar. Sherwood var no nærast degradert til «andregitarist» i bandet etter at Khorosjev tok over tangentane.

Sjølv om innspelingane gjekk over all forventning og alle var særs nøgt med resultatet, enda avslutninga av albumet tragisk. Rett før dei siste vokalopptaka og den siste lydmiksinga, døydde Bruce Fairbairn. Han vart funnen i sin eigen heim av vokalisten Jon Anderson, og Yes har tileigna albumet til Fairbairn.

Sporliste

Medverkande Jon Anderson – vokal Chris Squire – bass, vokal Steve Howe – gitarer, vokal Billy Sherwood – gitarer, keyboard, vokal Igor Khorosjev – keyboard Alan White – trommer

StudiomusikararCDUniverse - The Ladder Randy Raine-Reusch – diverse instrument Rhys Fulber – loops Tom Colclough – altsaksofon Tom Keenlyside – tenorsaksofon, piccolotrompet Derry Burns – trompet Rod Murray – trombone Neil Nicholson – tuba

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Ladder» frå , den 31. juli 2012. oppgav desse kjeldene: Allmusic.com Top Pop Albums 1955-2001, Joel Whitburn, 2002

Kategori:Yes-album Kategori:Musikkalbum frå 1999 Kategori:Plateomslag av Roger Dean Kategori:Album produserte av Bruce Fairbairn Kategori:Eagle Records-album