mini|Sjøkrigsskulen på Heybeliada mini|Sett frå Marmarahavet Heybeliada eller Heybeli Ada (gresk Χάλκη, Halki) er den nest største av Prinseøyane i Marmarahavet, nær Istanbul i Tyrkia. Ho er offisielt eit nabolag i bydelen Adalar i Istanbul.

Den tyrkiske sjøkrigsskulen ligg på øya, i tillegg Kamariotissa, den einaste gjenverande austromerske kyrkja på øya, og den siste kyrkja som vart bygd før erobringa av Konstantinopel. Den engelske diplomaten Edward Barton, den andre engelske ambassadøren i Konstantinopel, ligg gravlagd her.

Det bur kring 3000 menneske på øya om vinteren, men med mange sommarhus på øya aukar innbyggjartalet til kring 10 000 om sommaren.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Heybeliada» frå , den 6. august 2012.

Kategori:Øyar i Marmarahavet Kategori:Øyar i Tyrkia Kategori:Geografi i Istanbul