Fløyelsblomslekta (Tagetes) er ei planteslekt i korgplantefamilien. Slekta har i dag om lag 50-60 artar der dei fleste er utbreidde i tropiske eller subtropiske delar av Amerika. Plantene har sterk lukt og er eitt- eller fleirårige urteatige planter. Nokre få artar er halvbuskar eller buskar.
Blada sit oftast motsett, og dei er lappa eller ulikefinna med meir eller mindre tanna rand. Blomstrane dannar ein endestilt stand (ei korg) med frå 13 til meir enn 100 tungeforma randblomstrar og 6-120 røyrforma skiveblomstrar, der alle er fruktbare. Fruktene er nøtter.
Etymologi Namnet kjem frå Tages, opphavleg ein etruskisk gud og seinare gjort til barnebarnet av Jupiter av romarane. Grunnen til at Linné valde dette namnet er truleg på grunn av kor lett frøa til desse artane spirer og planta har lett for å komme att år etter år frå frøa som vart produserte året før.
Hybridar mini|Tagetes-kultivar Det er kryssa fram ei rekke eittårige hybridar og kultivarar som kan samlast i ulike grupper. Nokre grupper er: 'African': Hybridar og kultivarar av Tagetes erecta. Kompakte plantar med kvite, fylte opptil 12 cm breie blomstrar. 'Afro-French': Kryssingar mellom Tagetes erecta og Tagetes patula med talrike små blomstrar. 'French': Hybridar og kultivarar av Tagetes patula. Om lag 5 cm breie blomsterkorger, der enkeltblomstrane i korga har lysare farge ytst. 'Signet': Har Tagetes tenuifolia som stamform. Dei mange blomstrane er enkle og opptil 3 cm breidd. Blomstringa varar lenge.
Nokre artar Eit utval av artar med engelske namn der det eksisterer er lista opp nedanfor. Berre tre av artane har offisielle norske namn, fløyelsblom, sprikefløyelsblom og stankfløyelsblom. Tagetes argentina Cabrera Tagetes biflora Cabrera Tagetes campanulata Griseb. Tagetes dianthiflora Kunth Tagetes elliptica Sm. Tagetes erecta L. – fløyelsblom Tagetes filifolia Lag. Tagetes foetidissima DC. Tagetes hartwegii Greenm. Tagetes heterocarpha Rydb. Tagetes laxa Cabrera Tagetes lemmoni A.Gray – Mt. Lemmon marigold Tagetes lucida Cav. – Mexican mint marigold, Texas tarragon Tagetes mendocina Phil. Tagetes micrantha Cav. – licorice marigold Tagetes minuta - stankfløyelsblom L. – wild marigold Tagetes mulleri S.F.Blake Tagetes multiflora Kunth Tagetes nelsonii Greenm. Tagetes parryi A.Gray Tagetes patula - sprikefløyelsblom (fløyelsblom) L. – French marigoldTagetes pectinata Turcz. Tagetes perezii Cabrera Tagetes pringlei S.Watson Tagetes remotiflora Kunze Tagetes riojana M.Ferraro Tagetes rupestris Cabrera Tagetes stenophylla B.L.Rob. Tagetes subulata Cerv. Tagetes tenuifolia Cav. – signet marigold Tagetes terniflora Kunth Tagetes verticillata Lag. & Rodr. Tagetes zypaquierensis Humb. & Bonpl.
Tidlegare plassert i tagetes Tithonia rotundifolia (Mill.) S.F.Blake (som T. rotundifolia Mill.)
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Korgplantefamilien