Berdan Çayı, òg kalla Tarsus-elva, (latinsk Cydnus) er ei elv i provinsen Mersin, sør i Tyrkia. Den historiske byen Tarsus ligg ved elva, som munnar ut i Middelhavet.
Kjelda til elva er i Taurusfjella med dei to kjeldeelvane Kadıncık og Pamukluk. Totalt har elva ei lengd på 124 km (inkludert Kadıncık). Sjølv om elva er forholdsvis kort, er middelvassføringa 42 m3/s,A report by University of Mersin (engelsk) som er større enn dei fleste andre elvar i nærleiken. Nedslagsfeltet hennar er 1592 km2. Like nord for Tarsus dannar elva ein foss, som er ein populær utfluktsstad.
Det er fire demningar langs Berdan. Dei vert nytta for å kontrollere vassføringa og i samband med produksjon av elektrisitet. A report by Chamber of Electrical Engineers, Mersin Branch (på tyrkisk)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Berdan River» frå , den 11. august 2012.
Kategori:Elvar i Tyrkia Kategori:Provinsen Mersin