Det gylne hornet (tyrkisk , 'kanal') er ei grein av Bosporos, sundet som skil den europeiske og asiatiske delen av Tyrkia.

Det gylne hornet strekkjer seg frå Bosporos ca. 7 km i nordvestleg retning inn i europeisk Tyrkia, og deler dermed den europeiske delen av Istanbul i to. Kanalen er på det meste 800 meter brei og har ei middeldjupne på 40 meter. Haliç vert kryssa av tre bruer – Galatabrua, Atatürkbrua og Fatihbrua.

mini|venstre|Det gylne hornet sett frå Eyüpgravlunden

Kanalen fekk namnet Det gylne hornet i tida då breiddene tente som fritidsområde for sultanen og dei leiande familiane i Det osmanske riket, som budde der i palassa og strandvillaene sine kjent som yalı. Under 1900-talet vart områda på begge sider av Det gylne hornet skjemma av industriutbygging. I seinare år er det lansert rehabiliteringsprogram som skal prøve å gje området tilbake noko av gammal stordom.

Sjå òg Golden Gate

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Det gylne horn» frå , den 13. august 2012.

Kategori:Geografi i Istanbul Kategori:Sund i Tyrkia