Ehsan Hadadi (farsi: احسان حدادی ) () er ein diskoskastar frå Iran. Hadadi har fleire gonger vorte asiatisk meister i diskoskast i åra 2005-2011. Ehsan Hadadi held den noverande asiatiske rekorden i diskoskast. Den vart sett 3. juni 2008 i Tallinn og er på 69,32 meter.

Ehsan Hadadi deltok for fyrste gong under VM i friidrett 2011 i Daegu i Sør-Korea. Her vann han bronsemedalje med eit kast på 66,08. Berre estiske Gerd Kanter og tyskaren Robert Harting kasta lengre.

Hadadi debuterte i olympiske leikar under sommar-OL 2012 i London. Her vann han olympisk sølv med eit kast på 68,18; igjen slått av Robert Harting. Iran, som har delteke i OL sidan sommar-OL 1948, har tidlegare berre vunne medaljar i bryting, vektløfting og taekwondo. Det olympiske sølvet i diskoskast vart difor ein milepåle for Iran som idrettsnasjon.

Kjelde Denne artikkelen bygger på «Ehsan Haddadi» frå , den 21. august 2012.

World Athletics

Kategori:Iranske friidrettsutøvarar Kategori:Diskoskastarar Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Iran Kategori:Iranske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2012 Kategori:Iranske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Iranske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Iranske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Folk frå Teheran