Tonga er eit kongedøme i Polynesia i det sørlege Stillehavet. Det ligg sør for Samoa og aust for Fiji. Øystaten omfattar 169 øyar, 36 av dei folkesette.

mini|venstre|Kart over Tonga.

Klima Øyane har eit tropisk, maritimt klima med ein årleg middeltemperatur som varierer frå 23 °C i sør til 27 °C i nord. Det kjem mest nedbør i nord (2700 mm), medan dei sørlege øyane får omkring 1500 mm i løpet av eit år. Mest regn kjem det i perioden januar til mars då den intertropiske konvergenssonen flyttar seg sørover. Minst nedbør kjem det frå mai til september då søraustpassaten dominerer.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Polynesia Kategori:Land i Oseania Kategori:Øyar i Stillehavet