Akhisar (osmansk-tyrkisk اقحصار) er eit distrikt og ein by i provinsen Manisa i Egearregionen vest i Tyrkia. Akhisar er òg den antikke byen Tyatira eller Thyateira.
Byen har ei historie som går attende til 3000 fvt. og har vore eit travelt handelssenter med ei strategisk plassering ved fleire viktige vegar i antikken og mellomalderne. Det var ein av dei første byane i verda der det vart brukt pengar. I Akhisar låg òg ein av Dei sju openberringskyrkjene. Byen er òg nemnd i Bibelen som Tyatira.
I dag er Akhisar framleis eit handels- og forretningssenter i regionen. Kring 10 % av tobakkproduksjonen i Tyrkia vert gjort her. Her vert òg dyrka oliven og produsert olivenolje.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Akhisar» frå , den 24. august 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar i Tyrkia Kategori:Arkeologiske stader i Tyrkia Kategori:Busetnader i provinsen Manisa