Kherson (ukrainsk og russisk Херсо́н) er ein by i det sørlege Ukraina. Det er det administrative senteret i Kherson oblast (provins) og er eit eige rajon (distrikt) i oblastet. Kherson er ein viktig hamneby ved Svartehavet og Dnepr og har ein stor skipsbyggingsindustri. Byen har kring 330 000 innbyggjarar (2007).

Historie Fram til 1774 høyrte regionen til Krim-khanatet. Kherson vart grunnlagd i 1778 av Grigorij Aleksandrovitsj Potemkin etter ordre frå Katarina den store. Byen vart bygd under oppsyn av general Ivan Gannibal der den vesle festninga Aleksanderschanz alt låg. Namnet Kherson er ei forkorting av Khersonesos, ein antikk gresk koloni grunnlagd 2500 år sidan sørvest på Krimhalvøya. Ein av dei førte bygningane i Kherson Fort var St. Katarina-kyrkja der Potemkin etter kvart vart gravlagd. Den siste tarpanen vart fanga nær Kherson i 1866.

Demografi I 2001 budde det følgjande etniske grupper i Kherson: ukrainarar - 76.6% russarar - 20.0% Andre - 3.4%

Folkesetnad +ÅrFolkesetnad 1790 24,000 1926 58,000 1939 97,000 1959 158,000 1981 361,000 2004 354,000 2007 329,000+

Klima

Transport Kherson har jernbanesamband til Kiev og Lviv.

Utdanning right|mini|280px|St. Katarina-kyrkja, 1780--åra

Kherson statlege jordbruksuniversitet Kherson statsuniversitet Kherson nasjonale tekniske universitet Internasjonalt universitet for lov og rett

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kherson» frå , den 10. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Bilete av Kherson Offisiell nettstad (ukrainsk)

* Kategori:Byar i Kherson oblast Kategori:Hamnebyar i Ukraina Kategori:Byar ved Dnepr Kategori:Busetnader grunnlagde i 1778