Rush er debutalbumet til det kanadiske progressive rockebandet Rush og vart utgjeve i 1974.

Den første utgjevinga til Rush viser ganske stor inspirasjon frå hardrock/blues-sjangeren. Som tilhengjarar av band som Led Zeppelin og Cream henta dei mykje inspirasjonen frå desse banda, noko som skin igjennom på albumet.

På grunn av trongt budsjett måtte innspelinga av albumet føregå seint på kvelden, i den såkalla «daudtida». Sidan få band ynskte å bruke studio om kvelden, var kostnadane for å nytte studioet billegare då. Dette er eit kjent fenomen blant «stigande» rockestjerner. Eit døme på dette er rockebandet Queen som måtte gjere som Rush på det første albumet sitt.

Den opphavlege Rush-trommeslagaren John Rutsey trekte seg rett etter utgjevinga av dette albumet på grunn av diabetes og mangel på lyst til å turnere. Han vart erstatta med Neil Peart som då deltok på turneen for førsteutgjevinga. Trommeteknikken til Peart og hans sans for å skrive meningsfylte tekstar viste seg å vere avgjerande for stilen til Rush, som til dømes på det andre albumet til bandet, Fly by Night.

Opphavleg vart plata gjeve ut på plateselskapet Moon Records, og har vorte ganske populær blant samlarar. Etter 1000 utgjevne album signerte Rush for plateselskapet Mercury Records og har utgjeve album hos desse sidan.

Innhald

Medverkande Geddy Lee – solovokal, bass Alex Lifeson – gitar John Rutsey – trommer, perkusjon

Lister LandListePlasseringUSABillboard 200105

Salstrofé LandOrganisasajonSalUSARIAAGull (500 000)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rush (Rush album)» frå , og «Rush (album)» frå den 12. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Rush-album Kategori:Debutalbum frå 1974 Kategori:Anthem Records-album Kategori:Mercury Records-album