2112 er tittelsporet på albumet med same namn frå 1976 av det kanadiske progressiv rock-bandet Rush. Stykket tok opp heile den første sida på den originale vinylutgåva. Oveturen og den første delen, Temples of Syrinx, vart gjeven ut som singel og vert framleis mykje spelt på konsertane til Rush i dag. Science-fiction-lydane i starten av songen vart skapt ved hjelp av ein ARP Odyssey-synthesizer og ein Echoplex-effeckt.
Delar
Del Tittel Starttid (*) Lengd (*) I Overture 0:00 4:33 II The Temples of Syrinx 4:33 2:12 III Discovery 6:45 3:29 IV Presentation 10:14 3:42 V Oracle: The Dream 13:56 2:00 VI Soliloquy 15:56 2:21 VII Grand Finale 18:17 2:14 Totalt 20:33
Komposisjon Tekstforfattaren og trommeslagaren Neil Peart nemner Ayn Rand som ein viktig påvekrnad for å skriva songen. Peart har forklart at boka hennar Anthem hadde vore ein viktig påverknad på musikken hans,See blog reviews on SongMeanings | Lyrics | Rush - 2112 og sa i eit intervju med Rockline i 1991 :
I Overture Opninga av songen har science fiction-aktige lydar i byrjinga som blei laga med ein ARP Odyssey-synthesizer og Echoplex tape delay. Denne delen peiker fram til resten av stykket med motiv frå «The Temples of Syrinx», «Presentation», «Oracle: The Dream» og «Soliloquy», i tillegg til ein gitarversjon av 1812-ouverturen av Tsjajkovskij. Den einaste teksten, mot slutten av stykket, er «And the meek shall inherit the Earth», og viser til Sæleprisingane i Det nye testamentet og Salme 37:11.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «2112 (song)» frå , den 13. september 2012 og 30. november 2021.
Kategori:Singlar frå 1976 Kategori:Songar frå 1976 Kategori:Rush-songar Kategori:Progressive rockesongar Kategori:Dystopisk musikk