Stormwatch er det tolvte studioalbumet til den britiske rockegruppa Jethro Tull, utgjeve i september 1979. Det vert rekna som det siste i ein trilogi av folkrockalbum av Jethro Tull, sjølv om det er spor av folkemusikk på nær sagt alle Tull-album. Tekstane på albumet handlar mykje om problem tilknytt miljø, olje og pengar.
Dette er det siste Tull-albumet med den klassiske besetninga frå 1970-åra sidan trommeslagaren Barriemore Barlow og klaverspelarane John Evan og Dee Palmer slutta i bandet etter Stormwatch-turneen var over året etter, medan bassisten John Glascock døydde under innspelinga.
I 2004 vart det gjeve ut ein ommastra versjon av Stormwatch med fire bonusspor.
Produksjon Bassisten John Glascock leid av hjarteproblem på denne tida og døydde til slutt av problema. Han er derfor berre med på tre av songane («Flying Dutchman», «Orion» og «Elegy»). Ian Anderson spelte bass andre stader på albumet, medan Dave Pegg spelte bass på den påfølgjande turneen.
Det instrumentale stykket «Elegy» vart skriven av David Palmer.
Songar Dun Ringill er ein historisk stad på Isle of Skye der det ligg eit jernalderfort, som opphavleg var sete for MacKinnon-klanen. Anderson eigde og budde ein gong i nærleiken i Kilmarie House, før han selde eigedomen i 1994. I songen «Warm Sporran» er ein sporran ei slags taske som vanlegvis høyrer til ein kilt. Andre songar handlar om stjernebiletet Orion og segna om Den flygande hollendaren.
Det har stundom vore rykte om at «Elegy» var ei hyllest til Glascock, som døydde kort tid etter albumet kom ut. Songen er i røynda ein klagesong til faren til Dee Palmer og ein av få spor som Glascock sjølv spelar på.
Innhald
Medverkande Jethro Tull Ian Anderson – vokal, fløyte, akustisk gitar, bassgitar (på spor 1, 3, 4, 5, 6, 7, 8 & 11) Martin Barre – elektrisk gitar, klassisk gitar, mandolin John Glascock – bassgitar (på spor 2, 9, 10, 12 & 13) John Evan – piano, orgel Dee Palmer – synthesizer, berbart orgel og orkesterarrangement Barriemore Barlow – trommer, perkusjon
Andre medverkande
Francis Wilson – snakking (på spor 1 og 8) Dave Pegg – bassgitar (på spor 14) Robin Black - lydteknikar David Jackson - plateomslag Peter Wragg - kunstnarisk leiar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stormwatch (album)» frå , den 18. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Jethro Tull-album Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Chrysalis Records-album Kategori:Island Records-album Kategori:album produserte av Ian Anderson