«Turn It On Again» er ein singel av det britiske bandet Genesis frå albumet Duke frå 1980. Singelen nådde åttandeplassen i Storbritannia.Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 30. september 2012.
Teksten, som var skriven av Mike Rutherford, omhandlar ein mann som berre sit heime og ser på fjernsyn, og vert så besett av folka han ser på skjermen at han trur dei er venene hans.
Songen har ein kompleks rymtisk struktur som er uvanleg for popmusikk. Verset og refrenget byter takt frå 6/4 til 7/4 (13/4), Oppgjeve av Engelsk Wikipedia. medan introduksjonen og mellomspelet er i 4/4 og 5/4 (9/4).
«Turn It On Again» vart mykje spelt på konsertane til Genesis og samlealbumet deira frå 1999, Turn It On Again: The Hits, er kalla opp etter songen, og det same var turneen deira i 2007, Turn It On Again: The Tour.
«Turn It On Again» har vorte nytta som musikk i ein reklame for General Motors. Han er òg med i spelet Grand Theft Auto: Vice City Stories. Songen vart spelt av Dream Theater på albumet A Change of Seasons.
Salslister Liste (1980)PlasseringUK Singles Chart8Kanadiske RPM Top Singles49Frarnkrike32 US Billboard Hot 100 58 US Cash Box Top 10055
Medverkande Phil Collins - trommer, perkusjon, solovokal Tony Banks - klaverinstrument, korvokal Mike Rutherford - gitar, bassgitar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Turn It On Again» frå , den 17. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1980 Kategori:Singlar frå 1980 Kategori:Genesis-songar Kategori:Songar skrivne av Phil Collins Kategori:Songar skrivne av Tony Banks Kategori:Songar skrivne av Mike Rutherford Kategori:Songar om fjernsyn Kategori:Charisma Records-singlar Kategori:Virgin Records-singlar Kategori:Atlantic Records-singlar