«Tell Me Why» er ein rockesong av det engelske bandet Genesis frå 1991 på albumet We Can't Dance. Han vart seinare gjeven ut som singel i Europa (november 1992) og Storbritannia (februar 1993). Det var den siste singelen til Genesis med Phil Collins på vokal.

Bakgrunn Inntektene frå singelen vart donerte til bosniske Save the Children og Raude Krossen. Dette var i tråd med teksten i songen, som uttrykkte forakt for hykleriet kring mat og ly ("You say there's nothing you can do / Is there one rule for them and one for you?").

«Tell Me Why» vart gjeven ut som to forskjellige CD-singlar. Begge utgåvene kom i ein digipak med konsertversjonen av «Dreaming While You Sleep». Andre CD-versjonar av singelen inneheld fleire andre konsertopptak.

Innhald CD single «Tell Me Why» — 4:58 «Dreaming While You Sleep» (live) — 7:55 «Tonight, Tonight, Tonight» (konsert - Wembley, 4. juli 1987) — 9:33

7" singel «Tell Me Why» — 4:58 «Invisible Touch» (live) — 5:18

Salslister Liste (1992–1993)PlasseringAustralian Singles Chart110Den nederlandske singellista«Jesus He Knows Me», in various singles charts Lescharts.com (Henta 24. mars 2020)37Franske SNEP-lista«Tell Me Why», in Den franske singellista Lescharts.com (Henta 24. mars 2020)27Den tyske singellistaDen tyske singellista Charts-surfer.de (Henta 24. mars 2020)51UK Singles ChartUK Singles Chart Official Charts Company (Henta 24. mars 2020)40

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tell Me Why (Genesis song)» frå , den 21. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1991 Kategori:Singlar frå 1993 Kategori:Genesis-songar Kategori:Protestsongar Kategori:Politiske songar Kategori:Religionskritiske songar Kategori:Songar skrivne av Tony Banks Kategori:Songar skrivne av Phil Collins Kategori:Songar skrivne av Mike Rutherford Kategori:Virgin Records-singlar