The Abbey Road Sessions er eit samlealbum av den australske songaren Kylie Minogue med orkester. Det kom ut 24. oktober 2012 på Parlophone. Albumet inneheld seksten spor, inkludert ein ny song med tittelen «Flower» som vart utgjeven som singel. Albumet vart innspelt i Abbey Road Studios i London med Minogue sitt band og eit fullt orkester i november 2011. Albumet fekk positive kritikarmeldingar.
Listeplasseringar og sal The Abbey Road Sessions nådde andreplass på UK Albums Chart og selte over 37 500 eksemplar den første veka etter at det kom ut. I Australia nådde albumet nummer sju på ARIA Charts og nummer tre på ARIA Artist Albums Chart. Albumet nådde nummer 39 i New Zealand men gjekk av hitlistene den neste veka.
Singlar «Flower» vart utgjeven som den første singelen frå albumet den 25. september 2012. Songen var opphavleg laga for det tiande studioalbumet hennar, X (2007), men kom ikkje med. Songen nådde Top 40 i Belgia. Songen var ikkje kvalifisert til å vera på hitlistene i Storbritannia før utgjevinga av The Abbey Road Sessions.My Monumental Icons. October, 2012.
Sporliste
Topplisteplasseringar TopplisteListeplasseringAustralia (ARIA Charts)7Austerrike (Ö3 Austria Top 40)53Belgia (Ultratop 50 Flandern)22Belgia (Ultratop 40 Vallonia)31Tsjekkia (IFPI Czech Republic)10Tyskland (Media Control Charts)1Frankrike (SNEP)24Irland (Irish Albums Chart)8Italia (FIMI)23Japan (Oricon)110Nederland (MegaCharts)24New Zealand (RIANZ)33Skottland (Scottish Albums Chart)2Spania (PROMUSICAE)19Sveits (Schweizer Hitparade)17Storbritannia (UK Albums Chart)2USA (Billboard 200)120
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Abbey Road Sessions (Kylie Minogue album)» frå , den 24. november 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff The Abbey Road Sessions av Kylie Minogue på Allmusic
Kategori:Kylie Minogue-album Kategori:Samlealbum frå 2012 Kategori:Parlophone-album