Smelteomnen (frå latin Fornax) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det vart namnsett av den franske astronomen Nicolas Louis de Lacaille i 1756. Smelteomnen er eit av dei 88 moderne stjernebileta.
Kjende objekt mini|venstre|Stjernebiletet Smelteomnen slik det er for det nakne auga.
Stjerner Alfa Fornacis er ei dobbeltstjerne som er mogeleg å sjå i små amatørteleskop. Primærstjerna er ei gulaktig hovudseriestjerne med storleiksklasse 3,9 og den sekundære er ei gul stjerne med storleiksklasse 6,5; den sekundære kan vere ei variabel stjerne. Ho har ein periode på 300 år og ligg 46 lysår frå jorda. Beta Fornacis er ei gul kjempestjerne med storleiksklasse 4,5, 169 lysår frå jorda.
Djupromsobjekt Smelteomnen har vore eit mål for undersøkingar inn i dei mest fjerntliggande områda av universet. Hubble Ultra Deep Field ligg i Smelteomnen og Smelteomnhopen, ein liten galaksehop, ligg hovudsakleg i Smelteomnen. Her finst fleire ultrakompakte dverggalaksar som er mykje mindre enn tidlegare kjende dverggalaksar, kring 120 lysår på tvers.Hilker M. et. al., 2007
NGC 1049 er ein kulehop 500 000 lysår frå jorda. Han ligg i Smelteomnen dverggalakse.
UDFj-39546284 er ein mogeleg protogalakse i Smelteomnen,NASA, "NASA's Hubble Finds Most Distant Galaxy Candidate Ever Seen in Universe", 26. januar 2011HubbleSite, "NASA's Hubble Finds Most Distant Galaxy Candidate Ever Seen in Universe", STScI-2011-05, 26. januar 2011 men nyare analysar har indikerat han truleg har lågare raudforskyving, og derfor ikkje ligg så langt borte (og attende i tid).http://adsabs.harvard.edu/abs/2013ApJ...765L...2Bhttp://adsabs.harvard.edu/abs/2013ApJ...765L..16B
HIP 13044 b er ein eksoplanet i stjernebiletet, rapportert i november 2010, og det vart oppdaga at denne hadde opphav utafor galaksen.
NGC 1097 er ein stavspiralgalakse i Smelteomnen, kring 60 millionar lysår frå jorda. Han er ein seyfertgalakse med sterke spektralband som indikerer ionisert gass og eit sentralt supermassivt svart hòl.
NGC 1365 er ein annan stavspiralgalakse som ligg 60 millionar lysår frå jorda. Som NGC 1097, er han òg ein seyfertgalakse.
NGC 1360 er ei planetarisk tåke i Smelteomnen med ein storleiksklasse på kring 9,0, 978 lysår frå jorda. Den sentrale stjerna har storleiksklasse 11,.4, og er uvanleg lyssterk. Ho er fem gonger så stor som den kjende Ringtåka i Lyra.
Smelteomnen A er ein radiogalakse. Han er ein av dei nærmare aktive galaksane til jorda i ein avstand på kring 80 millionar lysår.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Fornax» frå , den 10. juli 2016. oppgav desse kjeldene:
Ian Ridpath og Wil Tirion (2007). Stars and Planets Guide, Collins, London. ISBN 978-0-00-725120-9. Princeton University Press, Princeton. ISBN 978-0-691-13556-4. Hilker M. et al.Weighing Ultracompact Dwarf Galaxies in the Smelteomnen Cluster, Astronomical Science, The Messenger 1,9 – September 2007. The Messenger is a quarterly journal presenting ESO's activities to the public.
Bakgrunnsstoff
The Deep Photographic Guide to the Constellation: Smelteomnen Starry Night Photography - Smelteomnen Stjernebilete Star Tales – Smelteomnen Smelteomnen på Constellation Guide
Kategori:Stjernebilete Kategori:Sørlege stjernebilete