«Take Me Home» er ein song frå 1985 av Phil Collins på det tredjesoloalbumet hans No Jacket Required. Songen vart gjeven ut som singel i Storbritannia i juli 1985 og i USA i mars 1986. Han gjorde det forholdsvis godt i Storbritannia der han nådde 19. plass. Han vart ikkje ein like stor suksess som andre singlar frå albumet, som «Sussudio» eller «One More Night» i USA, men klarte å nå 7. plassen der. «Extended Mix» av «Take Me Home» vart gjeven ut på 12"-singel og var ein av seks songar på 12"ers av Collins.
Bakgrunn «Take Me Home» er ein av dei meir kjende songane til Collisn og har vore med på alle turneane hans sidan songen kom ut. Vanlege misoppfatningar om songen er at han handlar om ein mann på veg heim, eller om den psykologiske manipuleringa til det totalitære styret til George Orwell i 1984. Collins har sagt at songen handlar om ein pasient på eit mentalsjukehus, og at han er basert på romanen One Flew Over the Cuckoo's Nest. Under innspelinga av «Long Long Way to Go» bad Collins Sting om å synge korvokal på denne songen. I tillegg til Sting syng òg den tidlegare bandkollegaen til Collins frå Genesis, Peter Gabriel og Helen Terry korvokal.
Musikkvideo I musikkvideoen kan ein sjå Collins synge songen forskjellige stader i verda, som London, New York, Tokyo, Chicago, Stockholm, Sydney, Paris, St. Louis, Los Angeles (Hollywood), San Francisco og Memphis (Graceland). Mot slutten av videoen kjem Collins heim og høyrer ei kvinne inne i huset som spør han om kvar han har vore. Han svarar at han har vore i nokre av byane nemnd over. Kvinna svarar «You've been down at the pub, haven't you?"
Mottaking Songen vart generelt godt motteke. Jan DeKnock i Chicago Tribune kalla songen «hypnotisk». Geoff Orens i allmusic sa den «pulserande "Take Me Home" nyttar dramet frå «In the Air Tonight» på ein meir lengselsfull måte». David Fricke i Rolling Stone sa at songen hadde ein «vinnande, sirkulær rytme og ein matt melodisk struktur».
«Take Me Home» vart nytta i opningsepisoden for den andre sesongen av fjernsynsserien Miami Vice. Songen vart gjeve ut på eit av albuma med musikk frå fjernsynsshowet.
«Take Me Home» finst på hyllestalbumet til Phil Collins kalla Urban Renewal, der framført av Malik Pendleton.
I 2003 baserte hip-hop-gruppa Bone Thugs-n-Harmony songen sin «Home» på denne songen. På denne versjonen av songen finn ein refrenget frå Collins sin song og singelen nådde 19. plass i Storbritannia. Gruppa fekk òg med seg Collins i musikkvideoen.
Innhald 7" vinyl UK: Virgin / VS777
US: Atlantic / 7-89472 Germany: WEA / 258 830-7 Japan: WEA / P2058
12" vinyl UK: Virgin / VS777-12 UK: Virgin / VSM777-12 (limited edition, in gatefold picture sleeve with integral fold-out map and stills from the «Take Me Home» video)
CD-singel Japan: WEA International / WPCR-2066
Salslister Liste (1985)PlasseringIrish Singles Chart13UK Singles Chart19Liste (1986)PlasseringAustralia (Kent Music Report) N.B. the Kent Report chart was licensed by ARIA between mid 1983 and 19. juni 1988.64Canadian Singles Chart23U.S. Billboard Hot 1007U.S. Billboard Hot Mainstream Rock Tracks12U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks2 Medverkande Phil Collins – vokal, klaverinstrument, trommer, Roland TR-909, korvokal Daryl Stuermer – gitar Lee Sklar – bass Sting, Peter Gabriel, Helen Terry – korvokal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Take Me Home (Phil Collins song)» frå , den 10. februar 2013. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1985 Kategori:Singlar frå 1985 Kategori:Phil Collins-songar Kategori:Songar skrivne av Phil Collins Kategori:Rockeballadar Kategori:Popballadar Kategori:Songar produserte av Hugh Padgham Kategori:Songar produserte av Phil Collins Kategori:Atlantic Records-singlar