Holtedahlfjella (tysk Kurzegebirge) er ei fjellkjede av hovudsakleg nakne fjelltoppar, ryggar og fjell i Orvinfjella i Dronning Maud Land. Fjella strekkjer seg kring 37 km og er fjellkjeda er 11 km brei. Fjella står mellom Drygalskifjella i vest og Kurzefjella og Conradfjella i aust.

Holtedahlfjella vart oppdaga og kartlagd frå flyfoto tekne under Den tyske antarktisekspedisjonen under Alfred Ritscher, 1938–39, som namngav dei Kurzegebirge etter leiaren for marinedivisjonen i det tidlegare Marineleitung (Det tyske Admiralitetet). Dei vart kartlagde på ny av Norsk Polarinstitutt frå landmålingar og flyfoto tekne av den norske antarktisekspedisjonen, 1956–60.

Kjelder

Kategori:Fjellkjeder i Dronning Maud Land Kategori:Orvinfjella