mini|Ivar Samuelsen, ein sjøsame frå Finnmark fotografert i 1884 av prins Roland Bonaparte. mini|Sametingspolitikaren Geir Tommy Pedersen er sjøsame og fiskar. Sjøsamar er ei gruppe samar som tradisjonelt har halde til ved kysten av Nord-Noreg. Dei livnærte seg gjennom fiske, fangst, sanking og jordbruk, særleg husdyrhald. Mange var også snikkarar og smedar, og nokre var båtbyggjarar.
Område Ein reknar som regel sjøsamar som busette frå dei nordlegaste delane av Nordland og langs kysten til Varangerhalvøya er blitt rekna som sjøsamar. Dei fleste bur i Tysfjord eller langs fjordar i Troms og Finnmark. Det finst også sjøsamar i skoltesamiske område like sør for Varangerfjorden, og tidlegare på Kolahalvøya og på begge sider av Bottenvika. Nokre forskarar meiner også at ein tidlegare fann sjøsamar så langt sør som Trøndelag. Sjøsamar tok del i hanshandelen i Bergen, både med handelsvarer og gjennom jektebygging.
Sjøsamar dreiv lenge med sesongflytting mellom fleire faste buplassar. Observasjonar tyder på at dei kunne ha opptil fire ulike buplassar før 1700-talet, to på 1700- og 1800-talet, før dei blei heilt fastbuande på 1900-talet.
Fordi det var i sjøsamiske område at nordmenn sørfrå slo seg ned, blei sjøsamane raskare assimilerte og mista fleire av dei gamle tradisjonane sine enn innlandssamane. Bruk av samisk forsvann gradvis frå sjøsamiske område, særleg etter andre verdskrigen. Det var lenge knytt meir skam til å vera sjøsame enn til det å vera innlandssame, og identiteten blei ofte tagd om. Denne «samiske skamma» skal ha endra seg i løpet av den siste generasjonen, og frå midten av 1990-åra er det blitt meir populært å rekna seg som sjøsame.
Kultur Sjøsamar har snakka fleire samiske språk, som lulesamisk og ulike dialektar av nordsamisk. Svært mange har i dag norsk som morsmål.
Grene (rátnu) er eit ullteppe som sjøsamar har vove gjennom lange tider. Desse blei brukte som sengeklede, køyreteppe og i båt. Dei blei også selde både sør i Bergen og nord, særleg i Skibotn og Bossekop. Flyttsamar kjøpte grener og brukte dei til teltduk og lavvodør. Ein lagar framleis teppa i Manndalen i Kåfjord.
Sjøsamisk Tun i Smørfjord på vestsida av Porsangerfjorden er ein rekonstruert buplass frå tidleg på 1900-talet. Holmenes sjøsamiske gård i Kåfjord er ein sjøsamisk gard frå 1700- og 1800-talet som høyrer til Nord-Troms Museum.
Riddu Riđđu-festivalen, skipa i 1991, har bidrege til å skapa blest om og positive haldningar til sjøsamisk kultur. Sjøsamisk kompetansesenter i Porsanger blei skipa i 2002.
Kjende sjøsamar Lene Hansen, opphavskvinne til og leiar av Riddu Riđđu-festivalen Irene Larsen, lyrikar Anders Paulsen, trolldomsdømd sjaman Geir Tommy Pedersen, sametingspolitikar John Persen, komponist og opphavsmann til Ultimafestivalen Gunn-Britt Retter, sametingspolitikar Ole Andreas Thomassen, folkeminnesamlar og forfattar av den første skildringa av sjøsamane i Lyngen og Porsanger
Sjå òg Bumenn Fjellsamar (innlandssamar eller reindriftssamar) Skogsamar
Kjelder
Bakgrunnsstoff Mearrasámi duodjedállu/Sjøsamisk kompetansesenter Sjøsamer i Store norske leksikon
Kategori:Samar Kategori:Norsk kystkultur