Lily on the Beach er det 37. albumet og det 19. studioalbumet til den tyske electronicagruppa Tangerine Dream, gjeve ut i oktober 1989.

Albumet hadde to aspekt som synte den musikalske retninga til Tangerine Dream for 1990-åra. Det var det første albumet med den då 19 år gamle sonen til til Edgar Froese, Jerome Froese, som var gjestemusikar på sologitar på sporet «Radio City». Han vart sidan fast medlem i bandet og fekk etter kvart meir innverknad på retninga deira. Det andre aspektet var at «Long Island Sunset» var det første sporet til Tangerine Dream med saksofon, som dei kom til å nytte mykje tidleg i 1990-åra.

Heile albumet vart spelt inn på nytt i 2002 som ein del av plateboksen The Melrose Years, i lag med nyinnspelingar av albuma Optical Race (1988) og Melrose (1990). Denne utgåva vart gjeven ut som sjølvstendig plate i mars 2009. Nyinnspelinga kom ut med eit bonusspor kalla «Pearl River», feilaktig plassert mellom «Twenty-Nine Palms» og «Gecko».

Innhald

Medverkande Edgar Froese - klaverinstrument, sologitarar, trommer Paul Haslinger - klaverinstrument, rytmegitarar, stick, trommer Jerome Froese - sologitar på «Radio City» Hubert Waldner - sopransaksofon og fløyte på «Long Island Sunset»

Teknisk Norman Moore – plateomslag og design Ian Logan – fotografi Monica Froese – konsept for fotografi

Kjelder

Kategori:Musikkalbum frå 1989 Kategori:Tangerine Dream-album Kategori:Private Music-album