Amon Düül II (eller Amon Düül 2) er eit tysk rockeband. Gruppa vert generelt rekna som ein av grunnleggjarane av krautrockmiljøet og hadde ein stor innverknad på denne stilretninga.
Historie Bandet kom til i det radikale vesttyske samfunnet seint i 1960-åra. Andre i same miljøet starta Rote Armee Fraktion.Krautrock, BBC4, oktober 2009 Medlemmane som starta gruppa var Chris Karrer, Dieter Serfas, Falk Rogner, John Weinzierl og Renate Knaup.
Bandet vart starta etter at Weinzierl og dei andre møttest i kunstkollektivet Amon Düül i München. Kollektiv bestod hovudsakleg av universitetsstudentar, og dei danna eit band for å få inn pengar til kollektivet. Alle i kollektivet vart med i bandet anten dei kunne spele eller ikkje. Kollektivet delte seg då dei fekk høve til å spele inn musikk, noko som vart boikotta av dei meir musikalsk dugande medlemmane i kollektivet (som kom saman og starta Amon Düül II). Dei andre medlemmane spelte inn musikk, men det var av særs dårleg kvalitet og vart berre gjeve ut seinare (under namnet Amon Düül) for å dra fordel av suksessen til Amon Düül II-albuma. Etter kvart som Amon Düül II voks og medlemmane vart bytte ut, heldt dei framleis saman som eit kollektiv og budde i lag som eit band.Interview with John Weinzierl, vitja 10. april 2013
Det første albumet deira, Phallus Dei ('Guds penis'), kom ut i 1969 og bestod av musikk som gruppa framførte på konsertane sine på den tida. På denne tida var besetninga bygd rundt ein kjerne av Karrer (hovudsakleg fiolin og gitar), Weinzierl (gitar, bass, piano), Rogner på klaverinstrument, bassisten Dave Anderson, og to trommeslagarar (Peter Leopold som kom med i gruppa frå Berlin, og Dieter Serfas). Renate Knaup deltok på denne tida berre med litt song, men var likevel rekna som ein del av gruppa. I følgje Weinzierl spelte bandet nesten kvar dag på denne tida «Me spelte på universitet, akademi, undergrunnsklubbar og kvar einaste hall med straumuttak og eit publikum». Då albumet kom ut fekk dei større publikum og byrja å turnere over heile Tyskland og etter kvart òg i utlandet, i lag med grupper som Tangerine Dream. I Tyskland heldt dei seg ofte med andre kollektiv som Kommune 1 i Berlin.
På det andre albumet deira, Yeti, hadde dei meir arrangerte songar i lag med bluesaktig fiolin- og gitarjammar, som det lange improviserte tittelsporet. Det neste albumet deira, Tanz der Lemminge, var basert på fire lange progressive rocke-suitar. På denne tida hadde bassiten Anderson reist attende til England og vorte med i Hawkwind, og vart erstatta av Lothar Meid. I tillegg fekk gruppa med seg synth-spelaren Karl-Heinz Hausmann.Communing With Chaos by Edwin Pouncey - 'The Wire' #144 (February 1996)
Dei turnerte mykje og gav ut Live in London i 1973 og i 1975 signerte dei platekontrakt med Atlantic Records i USA, og United Artists Records i Tyskland før dei vart oppløyste i 1981.
I tillegg til å spele inn album og halde konsertar, fekk ADII tilbod om å lage filmmusikk, og vann ein tysk filmpris, Deutscher Filmpreis, for musikken deira til filmen San Domingo.
Bandet har hatt fleire gjenforeiningar i nyare tid.
Diskografi
Studioalbum År Tittel Merknader 1969 Phallus Dei 1970 Yeti 1971 Tanz der Lemminge 1972 Carnival in Babylon 1972 Wolf City 1973 Utopia Opphavleg gjeve ut som eit Utopia-album, eit sideprosjekt av produsenten til Amon Düül II, Olaf Kübler. Nyutgjevingar har tilskrive albumet til Amon Düül II 1973 Vive La Trance 1974 Hijack 1975 Made in Tyskland Dobbeltalbum 1976 Pyragony X 1977 Almost Alive... 1979 Only Human 1981Vortex 1995 Nada Moonshine # 2009 Bee As Such Ikkje gjeve ut på CD, berre tilgjengeleg på heimesida til bandet
Konsertalbum År Tittel Merknader 1973 Live in London 1992 Live in Concert BBC-opptak frå 1973 1996 Live in Tokyo 2009 Life in Finland
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Amon Düül 2- uoffisiell fanside
Kategori:Krautrock-grupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 1969 Kategori:Tyske eksperimentelle musikkgrupper Kategori:Tyske progrockgrupper