Irrlicht er det første albumet til Klaus Schulze. Det kom ut i 1972 og vart spelt inn utan synthesizer, som Schulze seinare var kjend for å bruke mykje. På Irrlicht nyttar Schulze borduntonar spelt på orgel.
Oversyn Den fulle tittelen på albumet er Irrlicht: Quadrophonische Symphonie für Orchester und E-Maschinen. Den atomsfæriske borduntonen minnar om Tangerine Dream-albumet Zeit (som kome same månad) sidan begge har opphav i same ideen. Schulze og Edgard Froese klarte ikkje å bli samde over korleis dei skulle gå fram, og Schulze slutta i bandet.
Schulze nytta hovudsakleg eit øydelagt og modifisert orgel, ei innspeling av eit klassisk orkester, spelt baklengs, og ein øydelagd forsterkar til å filtrere og endre lydane han hadde miksa på eit lydband. Av dette laga han ein symfoni på tre satsar.
Irrlicht vart gjeve ut på det prestisjefylte krautrock-selskapet Ohr. Fordi Schulze hadde signert kontrakt med dei medan han var medlem av Tangerine Dream, meinte selskapet at soloalbuma hans høyrte til dei òg. Reaksjonen til Schulze var «eg var berre glad for at Irrlicht vart gjeve ut i det heile. Alle andre selskap ville truleg ha avslått albumet».
Innhald
På vinylutgåva vart «Ebene» og «Gewitter» kombinert til eit enkelt 29 minuttar langt spor.
Medverkande Klaus Schulze – «E-machines», orgel, gitar, perkusjon, zither, stemme, og meir Colloquium Musica Orchestra (4 førstefiolinar, 4 andrefiolinar, 3 bratsjar, 8 celloar, 1 bass, 2 horn, 2 fløyter, 3 oboar)Original 1972 LP booklet as quoted at Discogs. – innspelt som råmaterial så handsama og filtrert på lydband.CD-heftet til albumet
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Irrlicht (album)» frå , den 11. april 2013. oppgav desse kjeldene: Irrlicht CD booklet, 2006, Revisited Records, SPV 304962 CD
Bakgrunnsstoff Irrlicht på den offisielle nettsida til Klaus Schulze
Kategori:Klaus Schulze-album Kategori:Debutalbum frå 1972 Kategori:Ohr-album Kategori:Electronica-album