Andørja (nordsamisk Áttir) er ei øy med flatevidde på ca 136 kvadratkilometer i Ibestad kommune i Troms. Øya er Nord-Europas fjellrikaste øy.http://www.ibestad.kommune.no/nord-europas-mest-fjellrike-oey-andoerja.5081718-264368.html Øya er også karakteristisk på grunn av ein 8 km lang fjord, Straumbotn, som omtrent deler ho i to. Det høgaste fjellet er Langlitinden, 1277 moh. Andørja var tidlegare ein eigen kommune.
Samferdsle Øya har fastlandssamband til Salangen kommune over Mjøsundet via Mjøsundbrua, Ibestadtunnelen går mellom Andørja og Rolla.
Kommunesoge Andørja var frå 1837 ein del av Ibestad formannskapsdistrikt. I 1926 vart Andørja, Astafjord og Gratangen utskilde frå Ibestad som eigne kommunar. Andørja hadde då 1 420 innbyggjarar.Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
1. januar 1964 vart Andørja og Rolløya i Skånland slegne saman til Ibestad kommune. Andørja kommune hadde på det tidspunktet eit folketal på 1 330. I dag bur det om lag 650 menneske på øya.
Folketalsutvikling Folketalsutvikling for tidlegare Andørja kommune frå 1930 til 1964: 1.12.1930Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950) 3.12.1946 1.1.1951Folkemengd i Andørja 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå 1.1.1961 1.1.1964 1420 1465 1393 1330 1330
Bakgrunnsstoff Turistinformasjon frå Andørja
Kjelder
Kategori:Øyar i Troms Kategori:Geografi i Ibestad Kategori:Historie i Ibestad Kategori:Tidlegare kommunar i Troms Kategori:Norske kommunar skipa i 1926 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 1964