Petrel Peak er ein fjelltopp på 630 moh. som ligg ved nordsida av Hodgesbreen, 1 nautisk mil (2 km) nordvest for Grytviken på Sør-Georgia. Fjellet vart kartlagd av South Georgia Survey i perioden 1951-57. Namnet vart foreslått av J. Smith frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1958, etter glasiologiske undersøkingar som ein del av Det internasjonale geofysiske året. Petrel Peak er kalla opp etter etter kvalbåten «Petrel», som høyrte til Compania Argentina de Pesca ved Grytviken, og etter snøpetrellar som hekkar i klippene på fjellet.
Kjelder
Kategori:Fjell og åsar på Sør-Georgia Kategori:Stader kalla opp etter skip Kategori:Stadnamn knytte til fuglar