Bergen Byavis (tidlegare Annonse Avisen) er ei partipolitisk uavhengig, reklamefinansiert gratisavis som kjem ut kvar tysdag i Bergen, med eit opplag på om lag 100 000 (per 2005). Avisa vert levert i alle postkasser i Bergen og nært omland i tillegg til at ho vert lagt ut på offentlege stader i Bergen sentrum.
Avisprodukter A/S er ansvarleg utgjevar av avisa, og Hans Petter Thomassen er ansvarleg redaktør (per 2005) Redaksjonssjefen er Erik Bentdal Støverud.
Avisa hadde ei fast «Visste du at…»-spalte. I denne spalta presenterer dei jamleg fakta henta frå Wikipedia.
Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Norske gratisaviser Kategori:Aviser i Bergen Kategori:Skipingar i 1984