Oset kapell er eit kapell i Løten kommune, Innlandet fylke. Byggverket er i tre og har 70 plassar.
Bygget vart flytta dit det no står, i 1875. I 1885 vart det utvida med kor etter teikningar av ingeniør Søborg og vigsla som kapell. Det vart også brukt som skole fram til 1918.
Altartavla vart måla av Selma Andersen og teken i bruk i 1934. Biletet syner krossfestinga.
Rokosjøen camping er tett attmed kapellet, som ikkje har nokon kyrkjegard.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kyrkjer i Løten Kategori:Kyrkjer i Hamar domprosti Kategori:Kulturminne i Løten Kategori:Norske kyrkjer frå 1885