Andvord gard er ein gard i Lom kommune i Innlandet. Han ligg fremst under Lomseggi ved innløpet til Bøverdalen.Historiebok - Andvord gard i Lom Vitja 2. september 2013
Garden var tingstad i fleire hundre år og var lenge eit av dei største bruka i området med 17 til 18 husmannsplassar. Anlegget er i dag ope for kurs, selskap og overnatting etter at det har vorte fullstendig restaurert. Delar av byggverka på garden er frå 1700-talet.
Andvord gard fekk prisen Olavsrosa i juni 2012, etter at brørne Michel og Richard Andvord gjennomførte ei omfattande restaurering av garden.
Kjelder
Bakgrunnsstoff andvordgard.no - Offisiell heimeside Andvord gard - Om garden på olavsrosa.no
Kategori:Byggverk i Lom Kategori:Olavsrosa Kategori:Gardar i Innlandet