Agnete Nesse ()Profil på Worldcat.org er ein norsk språkforskar og forfattar av språkhistoriske bøker. Nesse er tilsett som professor ved Høgskolen i Bergen.
Karriere
Agnete Nesse blei cand. philol. frå Universitetet i Bergen i 1993, og vart deretter tilsett ved Høgskolen i Bodø samanhengjande fram til 2007. Ho fullførte doktorgraden sin frå Universitetet i Tromsø i 2002 med ei avhandling om temaet "Språkkontakt mellom norsk og tysk i hansatidens Bergen".Språkkontakt mellom norsk og tysk i hansatidens Bergen hjå Bergen offentlege bibliotekVg.no, 26.06.02: Derfor snakker bergenserne så rart Frå og med 2007 har ho vore førsteamanuensis og seinare professor ved Høgskolen i Bergen. Frå 2009-2012 var Nesse tilsett som postdoktor ved Universitetet i Bergen, og ho er tilknytt nettverket for historisk sosiolingvistikkProfil på nettsidene til Høgskolen i Bergen og FORSE - Forskergruppe i samfunn og språkendring.Profil på nettsidene til UiB
Som språkforskar har Nesse lagt ned mest arbeid i bergensdialekta, bodødialekta og mellomnedertysk, ofte med sosiolingvistisk perspektiv, der ein tolkar språket med utgangspunkt i språkbrukaren. Nesse har gjeve ut fleire bøker og avhandlingar innanfor desse fagfelta.
Bokutgjevingar
Talemål i Bergen. Kollektiv og individuell variasjon i bergensdialekten, hovudoppgåve, UiB, 1993. Språkkontakt mellom norsk og tysk i hansatidens Bergen, doktoravhandling, UiT, 2002. Slik ble vi bergensere : Hanseatene og bergensdialekten, basert på doktoravgahandlinga. Sigma forlag, 2003. Bydialekt, riksmål og identitet sett fra Bodø, Novus Forlag, 2008. Innføring i norsk språkhistorie Cappelen Damm, 2013.
Utvalde andre publikasjonar
Bodødialekten – en romslig norm? i G. Akselberg, A. M. Bødal og H. Sandøy (red.) Nordisk dialektologi. Oslo: Novus, 2003. Språket og det folkelege i J. Greibrokk (red.) Byens største tanker fins på Burøya. Festskrift til Brigt Kristensen på 60-års dagen. Bodø: Bodø RV, 2004. Boken – han og Kua – den. Om endringer i norske genussystem i Maal og Minne nr. 2, 2005. Radiotalemål i Nordland 1936-1996 i T. Arboe (red) Nordisk dialektologi og sociolingvistikk. Århus: Peter Skautrup Centret for Jysk Dialektforskning, Universitetet i Århus, 2007.Skildring av "Radiotalemål i Nordland"
Kjelder
Profil på nettsidene til Høgskolen i Bergen Utgjevingar ved Bergen offentlege bibliotek Bokliste ved bokelskere.no
Fotnotar
Kategori:Norske språkforskarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar