Take It Easy with The Walker Brothers er debutalbumet til det amerikanske popgruppa The Walker Brothers. Det vert ofte berre kalla Take It Easy. Akkompagnementet til gruppa vart dirigert av Ivor Raymonde og produsert av John Franz og Nick Venet. Det kom ut i 1965 og nådde tredjeplassen på UK Albums Chart. Albumet inneheld den første store hitsingelen til gruppa, «Make It Easy on Yourself», og fekk god til middels kritikk då det kom ut i både mono og stereo i november 1965. Albumet vart sidan gjeven ut på CD og vart nymastra med bonusspor i 1998.

Introducing the Walker Brothers I USA vart albumet gjeve ut på Smash Records som Introducing the Walker Brothers. Denne alternative versjonen hadde ei anna rekkefølgje på songane og byta ut «Lonely Winds», «Girl I Lost in the Rain» og «Tell the Truth» med singlane «Love Her», «My Ship Is Coming In» og «Pretty Girls Everywhere». Ein kan sjå gruppa mime til «Doin' the Jerk» i filmen Beach Ball frå 1965.

Introducing the Walker Brothers er i dag ute av opplag. I 2008 gav Water Records ut Philips-utgåva Take It Easy i USA for første gongen.

Mottaking

Take It Easy with The Walker Brothers fekk god til middels kritikk frå dei fleste kritikarane. Richie Unterberger skildra for Allmusic den amerikanske versjonen Introducing the Walker Brothers som «ein ujamn sak» med «den balladeaktive grooven dei var kjende for med hittar som «Make It Easy On Yourself» og «My Ship Is Comin' In», men høyres stive ut på livlege R&B-songar som «Land of 1,000 Dances» og «Dancing in the Street».»

Innhald Take It Easy (Philips Records)

Introducing The Walker Brothers (Smash Records)

Medverkande Gary Walker - trommer og vokal John Walker - gitar og vokal Scott Walker - vokal, gitar og klaverinstrument The Quotations - akkompagnement Jack Nitzsche - arrangør og dirigent Ivor Raymonde - musikalsk instruktør John Franz - produsent

Lister Liste PlasseringUK Albums Chart 3Tyskland 7

Kjelder Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 26. september 2013. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1965 Kategori:The Walker Brothers-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Musikkalbum produserte av Nick Venet Kategori:Philips Records-album Kategori:Musikkalbum produserte av Johnny Franz Kategori:Album dirigerte av Jack Nitszche Kategori:Album arrangerte av Jack Nitzsche