Lene Vågslid () er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Den 4. februar 2025 vart ho utnemnd til barne- og familieminister i Støre-regjeringa.
Ho er utdanna adjunkt, og har permisjon frå stillinga som lærar i Tokke kommune. Ho er også aktiv innan revy, musikk og song i heimfylket.
Vågslid var leiar i Telemark AUF 2003–2006, og har vore styremedlem i Telemark Arbeidarparti sidan 2003. Vågslid har vore vald inn på Telemark fylkesting sidan 2007 og 1. vararepresentant til Stortinget frå Telemark sidan 2009, men har hatt permisjon frå førstnemnde sidan oktober 2010 for å møte for Gunn Olsen på Stortinget. Vågslid har vore medlem av Stortingets familie- og kulturkomité.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lene Vågslid» frå , den 13. oktober 2013.
Bakgrunnsstoff
Bloggen til Lene Vågslid
Kategori:Statsrådar i Regjeringa Støre Kategori:Norske barne- og familieministrar Kategori:Ap-statsrådar Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar for Telemark Kategori:Stortingsrepresentantar 2009-2013 Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Stortingsrepresentantar 2025-2029 Kategori:Norske pedagogar Kategori:Folk frå Tokke