Fredric Holen Bjørdal () er ein politikar for Arbeidarpartiet, fødd og oppvaksen i Ørsta. Han er stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal sidan 2013.

Bjørdal har studert psykologi både ved NTNU i Trondheim og ved Universitetet i Oslo. I tillegg har han studert planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda. Han arbeidde som miljøterapeut i BUFetat region Midt-Norge fram til han vart vald inn på Stortinget. Tidlegare har han vore miljøarbeider i Ørsta kommune og i Trondheim kommune.

Bjørdal var leiar av AUF i Møre og Romsdal 2009-10, og deretter sentralstyremedlem i AUF dei to neste åra. Den 22. juli 2011 var han til stades på Utøya i Tyrifjorden då Anders Behring Breivik drap 68 personar.

Under nominasjonen til Møre og Romsdal Arbeidarparti vinteren 2012 fekk han andreplassen på stortingslista, og var dermed rimeleg trygg på å verte vald inn på Tinget. I stortingsperioden 2013-17 var han den yngste stortingsrepresentanten. Han er den fyrste frå Ørsta kommune som har teke sete på Stortinget sidan Peter Kjeldseth Moe slutta si stortingsgjerning i 1973.

Bjørdal er son til ein industriarbeidar.

Bjørdal var medlem av arbeids- og sosialkomiteen frå 2013-2017, og finanskomiteen frå 2017-2021. Han var òg medlem av Arbeidarpartiet sitt gruppestyre og arbeidsutval. I august 2020 varsla han at han ikkje ville stille til attval til Stortinget for ein ny valperiode.

Frå hausten 2021 er Bjørdal advokatfullmektig i Advokatfirmaet Øverbø Gjørtz AS, med kontor i Ålesund og Ørsta.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fredric Holen Bjørdal» frå , den 13. oktober 2013.

Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Folk frå Ørsta Kategori:Ap-politikarar i Møre og Romsdal