Roy Steffensen () er ein norsk politikar (Frp) som sit som representant for Rogaland på Stortinget i perioden 2013-2017. Her er han medlem av transport- og kommunikasjonskomitéen.Biografi på Stortinget.no Steffensen er oppvaksen på Kvitsøy og er den første frå Kvitsøy som har fått fast plass på tinget.NRK Rogaland, 09.09.13: Fikk barbiedukke til å ha med på stortingshybelen. Vitja 30.10.13. Roy Steffensen har budd både på Kvitsøy, i Stavanger og i Oslo.Roy Steffensen si offisielle heimeside: Om meg. Vitja 30.10.13
Steffensen har arbeidd innan fiskeoppdrett i heimkommunen. Han meldte seg inn i Framstegspartiet i 1998, medan han tok økonomiske og administrative fag på vidaregåande i Stavanger. Frå 1998 til 2000 var han nestleiar i Rogaland FpU og frå 2003 til 2005 var han generalsekretær i FpU på landsbasis. I oktober 2011 vart han både varaordførar i heimkommunen Kvitsøy og rådgjevar for Frp si bystyregruppe i Stavanger. Året etter vart han nestleiar i Rogaland Frp. Før stortingsvalet 2013 stod han på tredjeplass på Frp si liste i Rogaland.Bokmålswikipedia om Roy Steffensen. Vitja 30.10.13
Roy Steffensen var også visepresident i Norges Biljardforbund 2006-2007 samt leiar i Christiania Biljardklubb 2005-2007.
Fotnotar
Kategori:Stortingsrepresentantar for Rogaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå FrP Kategori:Stortingsrepresentantar 2013-2017 Kategori:Stortingsrepresentantar 2017-2021 Kategori:Stortingsrepresentantar 2021-2025 Kategori:Folk frå Kvitsøy