Francesco Maria Grimaldi () var ein italiensk fysikar, jesuitt og lærer i matematikk ved ordenskollegiet i Bologna.

Grimaldi oppdaga og skildra bøyinga av lyset ved ein smal skuggegjevande lekam og ved ei spalteopning. Desse fenomena, som han ikkje kunne forklare, kalla han diffraksjon.

Han er òg kjent for samarbeidet sitt med Giovanni Battista Riccioli i forskinga si, både innan selenografien og forskinga innan fritt fall.

Kjelder Francesco Maria Grimaldi. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 8. november 2013.

Kategori:Italienske fysikarar Kategori:Italienske jesuittar Kategori:Fysikarar på 1600-talet