Hof kyrkje er ei langkyrkje frå 1100-talet. Kyrkja står på tettstaden Hof i Holmestrand kommune i Vestfold. Kyrkja er bygd i andre halvdelen av 1100-talet. Tårnet er påbygd i 1662. Til inventaret høyrer krusifiks frå 1300-talet,Haugestad, 1999, s. 11 altertavle og preikestol frå 1600-talet.Haugestad, 1999, s. 20 På kyrkjegarden er det eit freda eiketre. Kyrkja er mellom dei om lag 360 kyrkjene i landet der det vart halde val til Riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814.

Skipet og koret er frå mellomalderen. Takryttaren er frå 1600-talet og våpenhuset frå 1958.Haugestad, 1999, s. 26

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Vestfolds vakre middelalderkirker (PDF-bok hos Tunsberg bispedømme)

Kategori:Kyrkjer i Holmestrand Kategori:Kulturminne i Holmestrand Kategori:Hof Kategori:Norske kyrkjer frå 1100-talet Kategori:Norske steinkyrkjer frå mellomalderen Kategori:Langkyrkjer i Tunsberg bispedømme Kategori:Kyrkjer i Nord-Jarlsberg prosti Kategori:Valkyrkjer i 1814 Kategori:Freda bygg i Vestfold