Langestrand kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1818 i Larvik kommune i Vestfold fylke. Den førre kyrkja på Langestrand (frå 1642) vart riven i 1812.
Kyrkja fekk nytt korparti i 1903 og nytt sakristi i 1906, og våpenhuset vart ombygd i 1910. Kyrkja har ikkje klokketårn, men frittståande stopul.
Kyrkjegarden vert gjerna kalla Langestrand nedre kyrkjegard, til skilnad frå Langestrand øvre kyrkjegard ved kapellet.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
iBrunlanes.no
Kategori:Kyrkjer i Larvik Kategori:Kulturminne i Larvik Kategori:Norske kyrkjer frå 1810-åra Kategori:Åttekanta kyrkjer i Noreg Kategori:Kyrkjer i Larvik prosti Kategori:1818 i Noreg