Sørsdalbreen er ein isbre med store bresprekker, som er 28 km lang og som flyt vestover langs sørsida av Krokfjorden og Vestfold Hills og endar i ei markant bretunge ved Prydz Bay. Han vart oppdaga i februar 1936 av ein norsk ekspedisjon og kalla opp etter Leif Sørsdal, ein norsk tannlege og medlem av Thorshavnekspedisjonen som gjekk i land i nordenden av Vestfold Hills.
Sørsdal bretunge er ei markant forlenging av Sørsdalbreen ut i Prydz Bay. Denne vart oppdaga av kaptein Klarius Mikkelsen i 1935 og namngjeve i samband med breen.
Kjelder
Kategori:Isbrear i Princess Elizabeth Land Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter nordmenn