mini|Andre verdskrigen tok til då tyske soldatar invaderte Polen den 1. september 1939. mini|Jitterbugdansing i Mississippi i 1939. USA sa seg nøytrale i krigen. 1939 (romartal MCMXXXIX) var eit normalår som byrja på ein sundag i den gregorianske kalenderen.

Hendingar Den spanske borgarkrigen enda med at falangistane vann og inntok Madrid i mars. Den andre verdskrigen tok til i september med invasjonen av Polen.

Utlandet 26. januar: Falangistane tok Barcelona 26. januar: Francisco Franco sine troppar tok Barcelona, med hjelp frå styrkar frå Italia. 2. februar: Ungarn vart med i Antikominternpakta 10. februar: Falangistane tok Catalonia 2. mars: Pius XII vart pave 3. mars: I Bombay byrja Mohandas Gandhi ein sveltestreik i protest mot styresettet i India. 15. mars: Tyske troppar tok attverande delar av Böhmen og Mähren. Tsjekkoslovakia fanst ikkje lenger. 16. mars: Giftarmål mellom prinsesse Fawzia av Egypt og Mohammad Reza Pahlavi av Iran 22. mars: Tyskland tok Memel frå Litauen 28. mars: Diktator Francisco Franco tok Madrid, med dette var den spanske borgarkrigen slutt 4. april: Faisal II vart konge av Irak. 7. april: Italia invaderte Albania: Kong Zog flykta 11. april: Ungarn gjekk ut av Folkeforbundet 7. mai: Spania gjekk ut av Folkeforbundet 22. mai: Tyskland og Italia inngjekk Stålpakta. 23. august: Hitler og Stalin fordelte austlege Europa mellom seg. Finland, dei baltiske statane og austlege Polen fekk Sovjetunionen. Vestdelen av Polen fekk Tyskland. Avtala er kalla (Molotov-Ribbentrop-pakta), og var i tillegg ei avtale om ikkje å gå til åtak på kvarandre. 1. september: Tyskland gjekk til åtak på Polen. 3. september: Den andre verdskrigen: Frankrike, Australia og Storbritannia erklærte krig mot Tyskland. mini|Vinterkrigen tok til i november 1939. 5. september: Andre verdskrigen: Sambandsstatane (USA) sa seg nøytrale i krigen. 6. september: Andre verdskrigen: Sør-Afrika erklærte krig mot Tyskland. 10. september: Canada erklærte krig mot Tyskland. 17. september: Sovjetunionen invaderte Polen og okkuperte austlege delar. 8. oktober: Tyskland legg under seg vestre delar av Polen. 8. november: I München overlevde Adolf Hitler berre så vidt eit drapsforsøk. Hitler feirar 16- årsdagen for ølhallkuppet. 30. november: Den fyrste finske vinterkrigen byrja: Sovjetunionen invaderte Finland. Dei nådde Mannerheimlina og starta krigen. 14. desember: Sovjet måtte forlata Folkeforbundet på grunn av åtaket mot Finland. 27. desember: Jordskjelv i austre Anatolia i Tyrkia. Byen Erzingan vart øydelagd og om lag 100.000 døydde. Mason and Marshall ved Bell Labs laga ein høgdirektiv mikrofon.

Noreg 17. mai: Sverige, Noreg og Finland gjekk ikkje med på å inngå ei ikkje- åtaksavtale med Tyskland. 1. september: Noreg sa seg nøytral i høve krigen i Europa 13. september: Fyrste norske tap: skipet Ronda av Bergen minesprengd utanfor Nederland, 17 døydde. 2. oktober: Forsyningsdepartementet vart oppretta. Trygve Lie vart forsyningsminister i Johan Nygaardsvold si fyrste regjering. 14. desember: Vidkun Quisling hjå Hitler i Tyskland. Hitler gav ordre om planarbeidet Studie Nord, planar om korleis ein kunne ta Noreg. 22. desember: Birger Ljungberg vart forsvarsminister. Christian Fredrik Monsen gjekk av.

Fødde mini|Gro Harlem Brundtland i 1989 mini|John Cleese i 2008

30. mars: Levi Fragell, norsk 3. april: Seamus Heaney, irsk forfattar 4. april: Ragnhild Queseth Haarstad, norsk politikar 20. april: Gro Harlem Brundtland, norsk statsminister 19. mai: Janis Lusis, sovjetisk-latviksk friidrettsutøvar 9. august: Romano Prodi, italiensk statsminister og EU-leiar 18. august: Harald Heide-Steen jr., norsk skodespelar 5. september: Erling Lægreid, norsk journalist 16. september: Jon Hellesnes, norsk filosof 16. oktober: Hans Fredrik Dahl, norsk historikar 18. oktober: Jan Erik Vold, norsk forfattar 20. oktober: Rosemarie Köhn, norsk biskop 26. oktober: Tina Turner, USA-amerikansk songar 27. oktober: John Cleese, britisk skodespelar 16. november: Tor Åge Bringsværd, norsk forfattar 30. november: Jon Eikemo, norsk skodespelar

Døde 28. januar: William Butler Yeats, irsk forfattar og nobelprisvinnar 4. februar: Edward Sapir, USA-amerikansk språkforskar 10. februar: Pave Pius XI 2. mars: Howard Carter, britisk arkeolog 16. april: Bernhard Hanssen, norsk journalist og politikar 14. juli: Alfons Mucha, tjekkisk kunstnar 17. juli: Oskar Braaten, norsk forfattar 1. august: Regine Normann, norsk forfattar 11. september: Konstantin Korovin, russisk målar 13. september: Olav Duun, norsk forfattar 15. september: Jens Bratlie, norsk statsminister 23. september: Sigmund Freud, austerriksk vitskapsmann, «far til psykoanalysa» 18. desember: Bruno Liljefors, svensk kunstnar 23. desember: Thorvald Erichsen, norsk målar