Davidbreen er ein av dei største breutløparane i Victoria Land i Antarktis, og får is frå to hovudområde som drenerer eit areal på meir enn 200 000 kvadratkilometer av Aust-Antarktisplatået, og gjev i frå seg kring 7,8 +/- 0,7 km³/år.Frezzotti,M., A.Capra and L.Vittuari, Ann.Glaciol, v27, 54-60 (1998) Den nordlege straumen flyt frå Talos Dome til Rosshavet, men hovudgreina får is frå eit nettverk av sidebrear som drenerer eit felles område av det indre platået kring Dome C og møter kvarandre i eit isfall som normalt vert kalla David Cauldron, Davidkjelen.Frezzotti,M., I.E.Tabacco and A.Zirizzotti. Ice discharge of eastern dome C drainage area i Antarktis, determined frå airborne radar survey and satelitt image, Analysis, J.Glaciol., 46, 253-264 (2000)Danesi et al., Earth and Planetary Science Letters, v253. s. 151-158 (2007) Der Davidbreen flyt ut i Rosshavet dannar han ein flytande ismasse kalla Drygalski istunge. mini|venstre|Bresprekker kring 1 km mot sjøen frå David Cauldron.
Hughes Bluff ligg i nærleiken.
Sjå òg Isbrear i Antarktis Isstraumar i Antarktis
Kjelder Denne artikkelen bygger på «David Glacier» frå , den 16. januar 2014. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Isbrear i Victoria Land Kategori:Isstraumar i Antarktis