Lund kyrkje er ei arbeidskyrkje i Kristiansand kommune i Agder.
I 1958 vart eit tidlegare tysk feltlasarett ombygd etter planar av arkitekt Alv Erikstad, og resultatet vart teke i bruk som interimskyrkje. Kyrkja brann i 1985, men ei fløy med m.a. kontor vart redda.
Kyrkja slik ho no står, vart oppført etter teikningar av arkitektane Landsverk og Nordbø og innvigd i 1987. Det er ei arbeidskyrkje som òg husar m.a. sal for kyrkjelyden, slik at kapasiteten kan utvidast ved behov.
Det er ikkje kyrkjegard på staden.
Kjelder Jubileumsskrift med historie Agderkultur
Bakgrunnsstoff
Lund kyrkjelyd
Fotnotar
Kategori:Kyrkjer i Kristiansand Domprosti Kategori:Kyrkjer i Kristiansand Kategori:Langkyrkjer i Agder og Telemark bispedømme Kategori:Kulturminne i Kristiansand Kategori:Arbeidskyrkjer Kategori:Norske kyrkjer frå 1987