«Å for et spill», òg kjend som «It's Just a Game», er ein song av Ola Neegaard, Gro Anita Schønn, Stein Ingebrigtsen & Inger Lise Rypdal og Bendik Singers, gjeven ut i 1973. Songen er skriven av Arne Bendiksen.
Eurovision Melodi Grand Prix 1973 «Å for et spill» deltok i Melodi Grand Prix 1973, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1973 i Luxembourg i Luxembourg. Songen vart framført på norsk av Ola Neegaard, Gro Anita Schønn, Stein Ingebrigtsen & Inger Lise Rypdal med eit lite orkester, og så på nytt av Bendik Singers med eit stort orkester. Bidraget vann med 50 poeng.
Eurovision Song Contest 1973
Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1973 fekk «Å for et spill» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1973. Teksten vart skriven om av Bob Williams, og songen fekk tittelen «It's Just a Game». Bendik Singers framførte songen på engelsk, fransk, italiensk, spansk, nederlandsk, tysk, hebraisk, serbokroatisk, finsk, irsk, svensk og norsk, og enda på sjuandeplass med 89 poeng; ni frå Israel, åtte frå Finland, sju frå Monaco, Sveits og Luxembourg, seks frå Vest-Tyskland, Spania, Jugoslavia og Frankrike, fem frå Belgia, Portugal og Italia og tre frå Sverige, Nederland, Irland og Storbritannia. Carsten Klouman var dirigent.
Dette er det andre og førebels siste bidraget, ved sida av det irske bidraget i 1972, som har vorte framført på irsk. Det er òg det bidraget som har vorte framført på flest språk.
Fotnotar
Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Melodi Grand Prix 1973-songar Kategori:Norskspråklege Melodi Grand Prix-songar Kategori:Melodi Grand Prix-vinnarsongar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Eurovision Song Contest 1973-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Franskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Italienskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Spanskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Nederlandskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Tyskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Hebraiskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Serbokroatiskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Finskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Irskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Svenskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Norskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Bendik Singers-songar Kategori:Bjørn Kruse-songar Kategori:Philip Kruse-songar Kategori:Ola Neegaard-songar Kategori:Inger Lise Rypdal-songar Kategori:Anne-Karine Strøm-songar Kategori:Ellen Nikolaysen-songar Kategori:Gro Anita Schønn-songar Kategori:Stein Ingebrigtsen-songar Kategori:Songar skrivne av Arne Bendiksen Kategori:Songar skrivne av Bob Williams