Joseph-Marie-Auguste Caillaux () var ein framståande sosialradikal politikar i den tredje franske republikken. Han var Président du Conseil (statsminister) i 1911-1912 og finansminister i fleire periodar. Han blei seinare dømd for landsforræderi for å ha ivra for å forhandla fram fred med Tyskland under første verdskrigen. Caillaux er også kjend frå Caillaux-saka, der kona hans, Henriette Caillaux, drap ein avisredaktør i 1914.
Caillaux var fødd i Le Mans og utdanna seg som jurist. Han var finansminister i tre regjeringar før han frå 1911–12 var statsminister, mellom anna under Agadir-krisa. Deretter var han på ny finansminister.
Joseph Caillaux var krigsmotstandar, og blei i 1917 anklaga for å gå Tysklands ærend. Han blei arrestert i 1918 og dømt av det franske senatet til tre års fengsel og 10 års tap av statsborgarrettar. Han fekk amnesti i 1924. Caillaux blei vald til senator i 1924 og var tre gonger finansminister i kortare tidsrom. I åra før andre verdskrigen var Caillaux ein av dei mest aktive motstandarane mot folkefronten og bidrog til å styrta regjeringa til Léon Blum i 1937.
Kjelder
«Joseph Marie Auguste Caillaux» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 8. juli 2014.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Folk frå Den tredje franske republikken Kategori:Franske statsministrar Kategori:Franske finansministrar Kategori:Parti radical Kategori:Folk frå Le Mans